Gode bidragsytarar til NFF Sogn og Fjordane si jubileumsbok
Postet av Stryn Fotball den 21. Okt 2021
I samband med NFF Sogn og Fjordane sitt 100-års jubileum neste år, er journalist Stig Roger Eide engasjert til å skrive jubileumsboka.
Han er no på rundreise til klubbane i Sogn og Fjordane og samlar inn gode historier frå fotball-banene opp gjennom åra.
Laurdag var turen komen til Stryn og vi hadde derfor samla eit knippe med engasjerte fotballfolk med lang fartstid i Stryn Fotball. Historiene satt laust og Stig Roger noterte ivrig. Sjølv om kanskje ikkje alt tåler "dagens lys" blir nok ein del av dei å lese i boka neste år.
På biletet ser vi gjengen samla: Frå venstre forfattar Stig Roger Eide, Paul Hool, Nils Petter Hauge (med ryggen til), Jarle Lien, Per Sætre og Jon Einar Aaberg. Også dagleg leiar John Os fekk gleda av å være med ei stund.
Foto: Evy Rossetvik, Stryn Fotball
Vi gleder oss til boka kjem ut!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Stryn Fotball
Kampar i veke 18
28.04.2024
Måltier'n Scoringsklubb
26.04.2024
Slutt for Firda Live
25.04.2024
Kampar på Stryn Stadion veke 17
23.04.2024