Generalprøve mot Stranda på fredag!

Postet av Stryn Fotball den 6. Mar 2024

-
timer
-
minutter
-
sekunder

Stryn sitt herrelag spelar treningskamp mot Stranda på Stryn stadion fredag 8.mars kl 1830. 

Dette blir dermed trenar Jon-Terje Tjellaug (bildet) og assistent Mats Solheim sin siste sjanse å sjå sine spelarar i kampsituasjon før alvoret brakar laust komande onsdag (13.mars). Då kjem Florø på besøk, for å avgjere kven som skal avansere frå NM-cupen sin 1.kvalifiseringsrunde.

- Ja, dette blir siste test før cupkampen mot Florø. Mot Stranda håpar eg å sjå igjen det vi har hatt fokus på i det siste. Eit godt presspel og gode bevegelsar, spesielt på siste tredjedel. Vi jobber med å vere tolmodige, vere litt kritiske i valga våre og unngå enkle balltap. Forhåpentlegvis lukkast vi med det mot Stranda. Det har vore ein utfordrande vinter, men no er vi bra med spelarar på trening og får øvd på det vi vil sjå igjen i kamp, seier Tjellaug.

Har du lokalfotball-abstinensar? Kom på Stryn stadion fredag kveld kl 1830 og sjå Stryn mot Stranda.