Heider til Pål Erik Ytreeide frå NFF Sogn og Fjordane

Postet av Stryn Fotball den 1. Nov 2021

Under Kretsligakampen mellom Stryn og Førde for 14 dagar sidan vart Førde-spelar Elias Rognebakke liggande på bakken etter at han fekk ballen knallhardt i hovudet. Stryn sin keeper, Pål Erik Ytreeide reagerte lynraskt og sprang umiddelbart til for å hjelpe Rognebakke. "Polly" passa på den skadde spelaren i nesten 30 min og sørga mellom anna for å halde hovudet stabilt heilt til ambulansen kom til staden. 

I etterkant av kampen sendte Førde IL Fotball eit skriv til Fotballkretsen der dei beskreiv situasjonen og framheva spesielt innsatsen som Pål Erik hadde vist i samband med skaden.  Førde oppfordra samstundes kretsen til å framheve Pål Erik Ytreeide i form av ei Fair Play utmerking. NFF Sogn og Fjordane tok innspelet frå Førde på strak arm, og før kampen laurdag delte nestleiar i kretsen, Jon Georg Rutledal, ut blomster til Ytreeide. Det var nok ikkje berre  Polly som vart rørt av denne hendinga som skjedde til stor applaus frå publikum, dommartrio og spelarane frå Måløy og Stryn. 

Førde ynskjer samstundes å understreke kor viktig det er med kunnskap om livreddande førstehjelp og at klubbane har fokus på dette arbeidet, ei oppfordring også vi i Stryn Fotball stiller oss bak. 

Takk til Førde IL Fotball for initiativet til utdelinga og til Fotballkretsen som stod for sjølve utdelinga. Dette er noko både Polly og klubben satte stor pris på.

Førde informerer også om at det står fint til med Rognebakke, noko som er særs gledeleg å høyre!

På biletet ser vi Pål Erik Ytreeide i lag med nestleiar i NFF Sogn og Fjordane, Jon Georg Rutledal. (Foto: Stryn Fotball)


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.