Ola Holmlund Ørjasæter teken ut til NFF Equinor Talentleir

Postet av Stryn Fotball den 16. Mar 2022

Strynespelar Ola Holmlund Ørjasæter er ein av 2 spelarar frå NFF Sogn og Fjordane som er tekne ut på NFF Equinor Talentleir G14 i Sarpsborg!
Dette er fyrste nasjonale tiltak for 2008-kullet. Tilsaman er det teke ut 36 spelarar som blir sett på som dei mest spennande spelarane i kullet på landsbasis!
Samlinga startar 24.03 og varer til 27.03 og blir garantert ei spennande og lærerik oppleving for alle som deltek. 
Også Tobias Herstad frå Florø er teken ut frå dette kullet, medan Jotun-spelar Julian Lægreid er teken ut til G15-samlinga.
Stryn Fotball
gratulerer

Ola med uttaket og ynskjer lukke til med samlinga!
Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball



God innsats av strynelaga under KM-Futsal i helga!

Postet av Stryn Fotball den 7. Mar 2022

Laurdag og søndag vart det arrangert KM-Futsal aldersbestemt på Sandane og i Stryn. 150 jente- og gutelag frå 13-19 år var i aksjon og vi fekk sjå stor idrettsgled og mykje fin fotball på begge plassar i helga.

Stryn stilte med mange lag og her er ei oppsummering av korleis det gjekk i dei ulike klassane:

G13:
Her stilte Stryn med 2 lag, 1 av laga gjekk vidare til 1/8-finale der det vart tap 1-3 for Dale.
Kretsmeistrar: Sogndal

G14:
Stryn sitt lag i G14-klassa gjekk også vidare frå gruppespelet, her vart Måløy for sterke i kvartfinalen og vann 3-1.
Kretsmeistrar: Måløy

J15:
Stryn stilte med 1 lag i J15-klassa. Jentene fekk det tøft i gruppespelet med 3 tap og uavgjort 0-0 mot Heia.
Kretsmeistrar: Sogndal

G15:
I G15 klassa gjekk Stryn heilt til topps i KM. Med 10 poeng tok stryningane gruppesigeren i avd 1. Med sigrar over Sandane (1/4-finale) og Førde (1/2-finale) var det klart for finale mot Måløy som enda med siger 5-1 og KM-tittel!
Kretsmeistrar: Stryn

J16:
Jentene gjekk vidare frå gruppespelet på betre målforskjell enn Askvoll/Holmedal, og i kvartfinalen vart det knepe tap 1-2 for Førde. Dei siste kreftene vart henta fram i bronsefinalen mot Jotun og etter ein spennande kamp og 2-1 siger kunne Stryn J16 motta pokalen for 3.plass i KM!
Kretsmeistrar: Førde

G16:
Gruppesiger også i denne klassa for Stryn. I semifinalen vart Kaupanger slått 5-1, men i finalen var det Førde som var hakket kvassare og vann til slutt 2-1.
Kretsmeistrar: Førde

J19:
Med 12 poeng og heile 15-2 i målskilnad i gruppespelet gjekk Stryn sitt J19 lag til semifinalen. Med siger 1-0 over Sandane i semien venta Førde i finalen. Etter ein jamn og spennande kamp snudde to raske scoringar kampen i Førdes favør  og dermed vart det sølvmedalje til Stryn.
Kretsmeistrar: Førde

G19:
Solid gruppespel også for dei eldste strynegutane, 10 poeng og 14-0 etter 4 kampar. I semifinalen vart det derimot tap for Jotun, og det var dermed duka for bronsefinale mot Vik som enda med 2-0 siger og 3.plass i KM!
Kretsmeistrar: Jotun

J13:
Kretsmeistrar: Sogndal

J14:
Kretsmeistrar: Førde

Stryn Fotball gratulerer alle kretsmeistrane. Vi vil også takke spelarar, trenarar, publikum, dommarar og ikkje minst alle frivillige som har stilt på dugnad i helga! Dette var moro!




Resultatoppdatering KM-Futsal Aldersbestemt 5. og 6.mars i Stryn

Postet av Stryn Fotball den 2. Mar 2022

Her finn du fortløpande resultatoppdatering frå laurdag og søndag  i Stryn!

Resultat KM-Futsal Aldersbestemt 5. og 6.mars i Stryn