Lise Flægstad ansatt som ny hovudtrenar for Stryn sitt damelag
Postet av Stryn Fotball den 15. Des 2021
Saman reddar vi liv i idretten!
Postet av Stryn Fotball den 29. Nov 2021
Årets speler herrer: Trym Vatn Øvreberg
Postet av Stryn Fotball den 23. Nov 2021
Årets spelar damer: 2020 - Olivia Wemby og 2021 - Sofie Njøten
Postet av Stryn Fotball den 23. Nov 2021

Årets Lagspelar damer: Emma Njøten
Postet av Stryn Fotball den 23. Nov 2021
Årets unge SPV-Talent herrer: Johannes Konstali-Lødemel
Postet av Stryn Fotball den 23. Nov 2021
Også på herresida er det veldig mange unge lovande spelarar i Stryn for tida, og ein av dei, 16 år gamle Johannes Konstali-Lødemelfekk prisen for Årets unge SPV-talent 2021! Johannes var ikkje tilstades på Fotballfesten men her er eit bilde som er teke etter at han mottok pris og pokal!
Årets Sparebanken Vest - talent: Malin Eikenes Tjellaug
Postet av Stryn Fotball den 23. Nov 2021
Toppscorar 5.div herrer: Rasmus S. Tjellaug
Postet av Stryn Fotball den 23. Nov 2021
Toppscorar Kretsligaen: Sondre Holmlund Ørjasæter
Postet av Stryn Fotball den 23. Nov 2021
Toppscorar 3.div damer: Emma Dorthea Lødemel
Postet av Stryn Fotball den 23. Nov 2021
Heider til Pål Erik Ytreeide frå NFF Sogn og Fjordane
Postet av Stryn Fotball den 1. Nov 2021
Under Kretsligakampen mellom Stryn og Førde for 14 dagar sidan vart Førde-spelar Elias Rognebakke liggande på bakken etter at han fekk ballen knallhardt i hovudet. Stryn sin keeper, Pål Erik Ytreeide reagerte lynraskt og sprang umiddelbart til for å hjelpe Rognebakke. "Polly" passa på den skadde spelaren i nesten 30 min og sørga mellom anna for å halde hovudet stabilt heilt til ambulansen kom til staden.
I etterkant av kampen sendte Førde IL Fotball eit skriv til Fotballkretsen der dei beskreiv situasjonen og framheva spesielt innsatsen som Pål Erik hadde vist i samband med skaden. Førde oppfordra samstundes kretsen til å framheve Pål Erik Ytreeide i form av ei Fair Play utmerking. NFF Sogn og Fjordane tok innspelet frå Førde på strak arm, og før kampen laurdag delte nestleiar i kretsen, Jon Georg Rutledal, ut blomster til Ytreeide. Det var nok ikkje berre Polly som vart rørt av denne hendinga som skjedde til stor applaus frå publikum, dommartrio og spelarane frå Måløy og Stryn.
Førde ynskjer samstundes å understreke kor viktig det er med kunnskap om livreddande førstehjelp og at klubbane har fokus på dette arbeidet, ei oppfordring også vi i Stryn Fotball stiller oss bak.
Takk til Førde IL Fotball for initiativet til utdelinga og til Fotballkretsen som stod for sjølve utdelinga. Dette er noko både Polly og klubben satte stor pris på.
Førde informerer også om at det står fint til med Rognebakke, noko som er særs gledeleg å høyre!
På biletet ser vi Pål Erik Ytreeide i lag med nestleiar i NFF Sogn og Fjordane, Jon Georg Rutledal. (Foto: Stryn Fotball)
Stryn på 3.plass i Kretsligaen 2021
Postet av Stryn Fotball den 1. Nov 2021
Stryn vann 3-2 heime mot Måløy i årets siste kamp i Kretsligaen og tok dermed 3.plassen etter samamlagtsiger 10-5!
Som i fyrste kampen var det Måløy som kom best i gong og allereie etter 8 min ved Dodaj. Ei sein scoring av Espeland sørger for at laga tar pause på stillinga 1-1.
I andre omgong er det heimelaget som scorar fyrst, Wdowiak er frampå allereie etter 2 min og sender Stryn opp i leiinga. Det blir ny spenning i kampen når Fleten utliknar for gjestane men Steinar Hauge sørgar for at det blir heimesiger med si 3-2 scoring etter 77 min. For øvrig hans fyrste scoring for "A-laget".
Vi fekk også ein debutant på laurdag. Johannes Fredheim, son av stryne-legende Arnt Magne, fekk sine fyrste minutt i seniorfotballen då han vart bytt inn i 2.omgong.
Etter kampen fekk Stryn sin trenarduo, Øystein Hesjedal og Jørn Peder Sætre, overlevert blomar frå klubben som takk for godt utført jobb denne sesongen.
Vi gratulerer Øystein, Jørn Peder og resten av karane med 3.plassen i Kretsligaen 2021 og ynskjer Kretsmeistrar Førde lukke til med kvalik-kampane.
Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball
Gode bidragsytarar til NFF Sogn og Fjordane si jubileumsbok
Postet av Stryn Fotball den 21. Okt 2021
Damelaget avslutta med målkalas
Postet av Stryn Fotball den 21. Okt 2021

Vellukka Messecafe også i år!
Postet av Stryn Fotball den 12. Okt 2021
Stryn 2 avslutta med siger over Selje!
Postet av Stryn Fotball den 12. Okt 2021


Fair Play pris til Solveig Fure
Postet av Stryn Fotball den 27. Sep 2021
Ny runde for seniorlaga våre denne helga
Postet av Stryn Fotball den 27. Sep 2021
I Kretsligaen er det fortsatt spenning i toppen av avdeling 2 i og med at både Stryn og Førde vann sine kampar på laurdag. I bortekampen mot Kaupanger sørga Hubert Wdowiak (2), Trym Vatn Øvreberg og Sondre Holmlund Ørjasæter for ein sterk 4-0 siger til Stryn. Stilling til pause var 2-0 til Stryn.
Også Stryn sitt damelag tok 3 nye poeng etter 6-3 heime mot Studentspretten søndag. Til pause stod det 4-1, etter scoringar av Alida Bruland, Emma Njøten (2) og Malin Eikenes Tjellaug. Mari Sætrenes-Einbu scora gjestane sitt mål før pause. I andre omgong sørga Emma Dorthea Lødemel og Selma Eikenes Isehaug for at Stryn gjekk opp til 6-1 leiing før eit sjølvmål og Tuva Søeride Solberg fastsette resultatet til 6-3.
Stryn 2 tok i mot Sogndal 3/Fjøra 2 på Loen Stadion - det endte med eit knepent 1-2 tap. Etter ein mållaus fyrsteomgong kom gjestene best i gang i andre, Sondre Waage Andersen og Nathaniel Maristuen scora to for bortelaget før Saeed Tajik reduserte for Stryn 2 med 20 min igjen. Fleire scoringar vart det ikkje og Sogndal 3/Fjøra 2 kunne dermed reise heim med alle 3 poenga.
På biletet ser vi Hubert Wdowiak som vart tomålscorar for Stryn i kretsligaen laurdag. Hubert kom til Stryn frå Bremanger tidlegare i vår.
2 sigrar og 1 uavgjort for seniorlaga våre denne helga
Postet av Stryn Fotball den 20. Sep 2021
Stryn J13/14 jublar etter ny siger og avdelingsmeisterskap!
Postet av Stryn Fotball den 10. Sep 2021

Samarbeid mellom klubbane i kommunen
Postet av Stryn Fotball den 10. Sep 2021

Prisutdeling i pausen på Kretsligakampen
Postet av Stryn Fotball den 23. Aug 2021

Stryn med solid 7-0 siger over Kaupanger
Postet av Stryn Fotball den 23. Aug 2021
