Nye rekruttdommarar

Postet av Stryn Fotball den 11. Apr 2024

f.v: Yngve Håkonsen (Instruktør), Håkon Sæbø, Fredrik Njøten, Markus Olsen, Roger Viem (dommaransvarleg Stryn Fotball), Dennis Maurset, Theo Tenden, Magnus Haugstveit.

Denne veka har vi kjørt rekruttdommarkurs i Stryn, vi har no 6 nye rekruttdommarar i klubben. Desse karane vil stort sett å dømme i 13/14 års klassen i år, men også  yngre klasser. 

Kurset består av ein teoridel på nett, så to kurskveldar med dommarinstruktør Yngve Håkonsen. Her var det gjennomgang av regler, studering av video og gode diskusjonar. Spesielt ein viss straffesituasjon frå kampen United - Liverpool vart gjentagende tatt opp. Kretsens beste assistentdommar Kjell August Ytre-Eide stakk også innom og snakka litt om rolla. 


Vi er godt stilt med yngre dommarar i Stryn og for at dei som dømmer skal få nok kampar til å utvikle seg  så vil vi ikkje ta inn for mange. Vi har pr no tilstrekkelig med dommarar frå 15 år og nedover, og tar derfor ikkje inn fleire akkurat no. Dei yngre dommarane tar Klubbdommarkurs neste veke, med Roger Viem som instruktør.

Vi ynskjer oss derimot fleire dommarar frå 16-17 år og eldre som kan dømme gutte / jentelagsfotball  og oppover til senior. Dersom det er av interesse så ta kontakt med John Os eller Roger Viem som er dommaransvarleg. Det er mulig å delta på rekruttdommarkurs allereie neste veke i Hornindal.

Takk til Yngve som stillte på som instruktør, og til Roger som velvillig har tatt  på seg rolla som dommaransvarleg. Kanskje har vi fleire kretsdommarar om ikkje alt for lenge.






Vi skal sette trenarveileding i system!

Postet av Stryn Fotball den 3. Apr 2024

Tysdag hadde sportsleg leiar Øystein Hesjedal og leiar for barnefotball, Eirik Krossen, kalla inn trenarar og lagleiarar i barnefotballen og smågutt/jenter. 

Trenarane for G-2011, Eirik, Stian og Rune, delte sine erfaringar. Dei fortalte om kullets reise frå 6 åringar med ein kaotisk start, til no som eit sterkt småguttelag, med heile 6 kretslagsspelerar.

Lagleiar for damelaget, Lisbet Nedreberg, fortalde kva ho syns som er viktig med lagleiarrolla. Det er mykje som skal ordnast til ei kvar tid, men det viktigaste syns ho er å avlaste trenarane i forhold til det organisatoriske rundt laget. Ho er også ei støtte og talerør for spelarane, dersom det skulle være noko. Her er Lisbeth med sitt engasjement i verdstoppen.

Deretter gjekk Øystein og Eirik gjennom planane for sesongen

Kort oppsummert, vi ønskjer ein å bygge klubb, med eit større samhald. Dette gjeld trenarar / spelarar / tillitsvalde og foreldre.

I 2024 skal vi ha følgande på plass:

  • Alle lag skal ha ein trenarrettleiar som føl dei opp
  • Vi fortsett med med ekstratilbudet på laurdag føremiddag (tema blir: «ta løkka tilbake»)
  • Nytt ekstratilbud fredag ettermiddag, Klubbstyrte treningar for 8-14 år, der ein deler i jamne grupper, på tvers av alder og kjønn
  • Revidert sportsplan - Forenkla med fokus på det som skal skje på feltet. (Dette lovar sportsleg utval til å ha klar til hausten)

Dei frammøtte tok forslaga godt i mot, og det var tydeleg at det var ein engasjert gjeng som var klar for sesongen.

Neste trenarforum er allereie på plass 26. mai, nu kjør vi.



Endeleg er vi i gong

Postet av Stryn Fotball den 19. Apr 2023

Leiaren har ordet:

Som nyvald styreleiar er eg både spent og audmjuk for oppgåva. Fotball betyr mykje for mange, og det engasjera, det skal lokalfotballen og gjere. Sesongen er no i gong, og det er kjekt å sjå alle som er ute på bana frå 6 år til senior, jenter og gutar. Det er det viktigaste vi driv med.


Styret har mange ting ein har lyst å få til, noko kan ein få til på kort sikt, andre ting er lenger prosjekt.  

Vi ynskjer å bli betre på er kommunikasjon, derfor rullar vi no ut ei ny heimeside. Den er ikkje perfekt, men den er god nok til at vi lanserar den. Vi jobbar fortsatt med formatet og tar gjerne imot konstruktive innspel.  Dette blir plattforma ein kan finne ferske nyheiter, informasjon om treningstider, kampplanar osv. Vi har lagt til tabellane for Stryn damer og Stryn herrer, vi veit det har vore sakna hos enkelte. Vi håpar de blir fornøgd med sida. 

Vi ser at dei kulla med eit større støtteaparat rundt seg fungerar godt og det vil vi rette fokus mot. Vi treng foreldra til mange roller rundt laga, men viktigaste oppgåva er oppdragelse, og der treng vi heile landsbyen med oss.  Er ein mange som  delar på oppgåvene, blir det ikkje mykje på kvar enkelt, men også ein kjekk arena og være på.  Derfor ønskjer vi fleire foreldre som engasjerar seg. 

Så ei oppfordring, alle må huske å sjå på logoane ein har på drakta. Dette er lokale bedrifter som sponsar Stryn Fotball, bruk dei og handle lokalt. 

No er det berre å gje gass, i løpet av 8 veker, skal vårsesongen gjennomførast. 


Glede - ENGASJEMENT - Gode opplevingar.


Rune