Velkomen til Stryn Alpin.
 
Stryn alpin ynskjer å gje eit treningstilbod til alle alpininteresserte i Stryn kommune, uavhengig av kva for idrettslag ein tilhøyrar. Vi har trening stort sett 2 kveldar gjennom heile vintersesongen, og dersom du har lyst å vere med er det berre å ta kontakt. Det blir trena i storslalom og slalom.
Sjå under fana treningstider når treningane er. 
 
Vi er i dag ein fin gjeng på 10-15 som trenar aktivt igjennom sesongen, og vi har plass til fleire :-) 
dei aller iverigaste av oss, deltek på konkurransar rundt om i fylket, samt på treningssamlingar arrangert av SogFj skikrins.



Kommentarer og innspel til sidene våre kan sendast til stryn.alpin@hotmail.com